Kompensasjon ved langvarig straumavbrot

Austevoll Kraftlag SA har høg leveringstryggleik med ei oppetid på gjennomsnittleg 99,99 % i 2020. Dersom kundar allikevel skulle oppleve meir enn 12 timar samanhengande straumbrot, kan dei frå 1. januar 2007 søkje om økonomisk kompensasjon som følgje av straumbrotet.

Kven kan nytte ordninga?
Ordninga gjeld kundar som opplever eit samanhengaden avbrot i straumforsyninga som varer i meir enn 12 timar.
Ordninga gjeld ikkje anlegg med avtale om overføring med utkoplingsklausul.
Ordninga med kompenasjon ved langvarige straumbrot over 12 timar gjeld både for private- og næringskundar.

Slik søkjer du kompensasjon
Søknad om kompensasjon-skjema finn du her: Søknadskjema
Søknaden skal returnerast til kundesentert i utfylt og underteikna stand.

Krav til søknaden
Den som er registrert som kunde må sjølv fremje kravet om kompensasjon skriftleg til Austevoll Kraftlag SA. Kravet må fremjast på Austevoll Kraftlag SA sitt skjema som du finn ovanfor.
Kravet må fremjast innan rimeleg tid etter at normal straumforsyning vart gjenoppretta.

Kontroll av kravet
Etter at kravet er fremja vil Austevoll Kraftlag SA kontrollere om kravet er rett. Ved kontrollen av kravet vil lengda på straumbrotet verte rekna frå det tidspunktet Austevoll Kraftlag SA først fekk melding om straumbrotet, eller Austevoll Kraftlag SA visste eller burde ha visst at straumbrotet hadde funne stad. Straumbrotet vert rekna som opphøyrt når normal straumforsyning er gjenoppretta.
Fleire påfølgjande straumbrot vert rekna som samanhengande om ikkje normal straumforsyning vert oppretthalde i minimum to timar samanhengande.